Firefox mot Opera
Standard personverninnstillingar i Firefox er sterkare enn i Opera – og vi har fleire funksjonar for å hindre at nettstadar sporar deg, slik som fingeravtrykkblokkering.
Firefox har òg innebygde verktøy som:
- Rediger PDF-filer direkte i Firefox-nettlesarvindauget - du treng ikkje noko ekstra dataprogram.
- Omsett ei nettside lokalt og privat.
Firefox tilbyr eit breitt spekter av tilpassingsalternativ, inkludert mulegheita til å flytte menyar og verktøyfelt til ulike plassar i nettlesarvindauget. Grensesnittet i Opera er ikkje so lett å tilpasse.
Sidan vi ikkje treng å blidgjere aksjeeigarar, kan vi fokusere på å gjere deg glad, og alltid sette personvern og komfort først.
Det er enkelt å byte
Byte til Firefox er enkelt og raskt — importer Opera-bokmerka, passorda dine, historikk og innstillingar med eitt klikk, og du er klar til å bruke Firefox. Slik brukar du importknappen for å byte.