Gratis passordhandsamar
Firefox lagrar sikkert brukarnamna dine og passord for å få tilgang til nettstadar, fyller dei ut automatisk for deg neste gong du besøkjer ein nettstad, og lèt deg handsame dei lagra inloggningane dine med den innebygde passordhandsamingsfunksjonen.
Med ein gratis Mozilla-konto kan du sikkert synkronisere passorda dine på alle einingane dine. Du får òg tilgang til alle dei andre personvernrespekterande produkta til Mozilla.
Autofyll passord for enkle innloggingar
Firefox kan automatisk fylle inn lagra brukarnamn og passord. Om du har meir enn ei innlogging for ein nettstad, kan du berre velje den kontoen du vil ha, og so tek vi det derifrå.
importer passord
Du kan bruke importgaiden for å enkelt (magisk) importere brukarnamn og passord lagra i Chrome, Edge, Safari eller andre nettlesarar. Vel Passord frå menyen og klikk so på «importer dei til Firefox» lengst nede på sida Inloggingar og passord.
Ikkje lenger gjenbruk av passorda dine
La Firefox lage eit sterkt, unikt passord for kvar innlogging du har på nettet — på ein slik måte at, om eitt av passorda dine vert hacka i ein sikkerheitslekkasje, påverkar det berre denneeine kontoen, og ikkje andre kontoar.
Sikkerheitsåtvaringar for passord
Firefox varslar deg om eit passord er eksponert i ein datalekkasje, slik at du kan endre det før hackarar har ein sjanse til gjere noko, slik som å leige ein Lamborghini med bankkortet ditt.