Firefox privat nettlesingsmodus
Om du deler ei datamaskin med andre personar eller om du vil avgrense kor mykje data nettstadar kan samle inn om deg kan du bruke privat nettlesingsmodus i Firefox. Privat surfing slettar dei digitale spora du etterlèt deg når du surfar på nettet — tenk på dei som fotspor gjennom skogen.
Kva gjer privat nettlesing?
Privat nettlesing opnar eit nytt nettlesarvindauge. Når du lèt att det sista private nettlesarvindauget, vert nettlesarhistorikken din sletta, og eventuelle infokapslar frå nettstadar du besøkte. Firefox Profftips: Gløym ikkje å late att alle dei private nettlesarvindauga dine når du er ferdig!
Kva privat nettlesing ikkje gjer
Privat nettlesingsmodus vil ikkje slette nye bokmerke du opprettar frå eit privat nettlesarvindauge, eller verne deg frå skadleg programvare eller virus. Det hindrar heller ikkje nettstadane du besøjer frå å sjå kvar du er fysisk, eller hindrar internettleverandøren din frå å logge det du gjer. Du treng eit påliteleg VPN for det.
Samanlikn privat surfing i Firefox med ikognito modus i Chrome.